Nyheter - Sogn og Fjordane:

  • Søndag 20. mai kl. 21.55

    Heksejakt på røykarar

    Fleirtalet av politikarane i Flora vil forby røyking utanfor samfunnshuset. Ei heksejakt, meiner Frp.

  • Søndag 20. mai kl. 21.10

    - Bittert og surt å tape slik

    Assistenttrenar Håvard Flo i Sogndal er frykteleg skuffa over tapet mot Lillestrøm.

  • Søndag 20. mai kl. 19.56

    Tapte i siste minutt

    Ein jamn og målfattig kamp enda med tap for Sogndal mot Lillestrøm.

  • Søndag 20. mai kl. 19.06

    Ferjekø på E39

    Bilistar som skal over Sognefjorden i løpet av søndag må belage seg på venting.

  • Søndag 20. mai kl. 18.31

    Uheldig bilist hamna på midtrabatt

    Det var nok ikkje slik bilisten hadde tenkt at søndagsturen skulle ende.

  • Søndag 20. mai kl. 16.50

    Rasfaren i fjellet er uvanleg stor

    Rasfaren i fjellet på Vestlandet er større denne våren enn den brukar å vere. Seint snøfall og brå overgang til varmare vêr er forklaringa.

  • Søndag 20. mai kl. 16.28

    100 000 for manglande sjølvmelding

    Sunnfjordingen leverte verken sjølvmelding eller rekneskap for bedrifta si. Det må han betale dyrt for.

  • Søndag 20. mai kl. 15.16

    Slik laga dei det norske flagget

  • Søndag 20. mai kl. 14.30

    Motvind sette stoppar for bestetid

    Motvind prega Jølster Rundt, men sigerherrane er likevel godt nøgde med resultatet. – Det er ikkje tida som er det viktigaste, ler dei.

  • Søndag 20. mai kl. 13.07

    Går på bana med livet som innsats

    Kjempesmellen mot Brann er allereie gløymt i Sogndal-leiren og kaptein Henrik Furebotn lovar at spelarane skal gå på bana med livet som innsats når dei møter Lillestrøm søndag kveld.

  • Søndag 20. mai kl. 12.12

    Jenter berga ned - vil åtvare andre

    Dei tre jentene som utløyste fleire ras ved Flatbrehytta i Fjærland laurdag vart først klare over omfanget då dei vart berga ned frå fjellet. No åtvarar dei andre mot å gå på ski i same området.

  • Søndag 20. mai kl. 10.26

    Mann i 50-åra slo til politimann

    Mannen i 50-åra oppførte seg utagerande og politiet vart tilkalla. Då slo han til ein politimann.

  • Søndag 20. mai kl. 10.07

    Stakk frå politiet - hoppa på elva

    Mannen hadde slett ikkje tenkt å avslutte festen, sjølv om han fekk grei beskjed av politiet. For å sleppe unna hoppa mannen i elva.

  • Lørdag 19. mai kl. 19.25

    Tapte 1-6, men skåra ingen mål

    På knappe halvtimen fekk Stryn fire mål i eige nett. Gjestane frå Voss skåra til saman sju mål, og reiste heim med tre poeng.

  • Lørdag 19. mai kl. 18.21

    Kom seg ikkje ned frå fjellet

    På veg ned frå Jostedalsbreen utløyste turfølgje fleire ras. Jentene måtte søkje tilflukt på ei hytte og lenge var det uklart korleis dei skulle komme seg ned.

  • Lørdag 19. mai kl. 17.47

    - Ap viser arroganse mot bøndene

    Sogn og Fjordane Senterungdom går knallhardt ut mot Arbeidarpartiet. Partiet viser ein arroganse mot den norske bonden, meiner fylkesleiaren.

  • Lørdag 19. mai kl. 17.10

    Trur det kan bli nesten 25 grader

    Meteorologen forstår godt at folk nesten har vanskeleg for å tru på vêrmeldinga for neste veke. - Men det blir faktisk sol, sol og meir sol, er beskjeden.

  • Lørdag 19. mai kl. 16.05

    Florø tok bronse under stafett-NM

    Fire gutar frå Florø sprang laurdag inn til ein sterk bronseplass under stafett-NM. – Steikje bra, meiner idrettsleiar i Florø.

  • Lørdag 19. mai kl. 15.26

    Opnar Gaularfjellet først måndag

    Mildvêret set ein stoppar for opning av riksveg 13 over Gaularfjellet. Først måndag ser ein føre seg at vegen kan opne.

  • Lørdag 19. mai kl. 15.05

    Kritisk til nedsett fart grunna dyr

    Nedsett fartsgrense for å hindre dyrepåkøyrsler er inga god løysing. Dei meiner tillitsvald for transportarbeidarar i fylket.

  • Lørdag 19. mai kl. 14.10

    Etterlyser gammalt politiskilt

    Om det er for moro eller på alvor veit ikkje lensmannen for sikkert. Uansett er han oppgitt etter at nokon har stole det gamle politiskiltet.

  • Lørdag 19. mai kl. 12.54

    Varetektsfengsla etter grov vald

    Ein far og son frå Polen er varetektsfengsla etter at dei i byrjinga av mai skal ha stått bak ein svært alvorleg valdsepisode i Førde. Ein mann vart påført stygge hovudskadar i det politiet reknar som ei planlagt valdshandling.

  • Lørdag 19. mai kl. 12.28

    Tok bilførar med for mange prikkar

    Bilføraren som vart stogga av politiet i Lærdal fredag kveld hadde for mange prikkar. No må vedkommande ta beina fatt.

  • Lørdag 19. mai kl. 12.18

    Ulukke var berre ramponering

    Både politi og ambulanse rykte seint fredag kveld ut til det dei trudde var eit trafikkuhell på E39. Men det var det slett ikkje.

  • Lørdag 19. mai kl. 11.27

    Stor aksjon i Oslo måndag

    To busslaster med bønder reiser til Oslo for å markere si misnøye med Regjeringa.

  • Lørdag 19. mai kl. 9.11

    Stor vilje til streik

    Det går truleg mot streik i transportbransjen.

  • Fredag 18. mai kl. 22.21

    Vil fjerne minibanken

    Folk på Stad har gått til underskriftsaksjon for å berge minibanken sin. Sparebanken Vest vil legge ned filialen i sommar og stengjer då også minibanken.

  • Fredag 18. mai kl. 21.26

    Gamalt orgel fekk nytt liv

    Vakre tonar frå nygamalt orgel. Endeleg kan folk på Vassenden nyte orgeltonar når dei går til kyrkje.

  • Fredag 18. mai kl. 19.30

    Gjekk bort fredag

    Den fyrste distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Ottar Starheim, døydde fredag etter lengre tids sjukeleie.

  • Fredag 18. mai kl. 17.09

    Imponerte i Lerum Cup

    Benedikte Eide Ljøen frå Leikanger skyttarlag imponerte stort under opningsstemnet på Lerum Cup som går av stabelen i Sogn i helga. No satsar ho på plass på kongelaget i august.

  • Fredag 18. mai kl. 15.45

    Skal ha påført barnet brotskader

    Eit foreldrepar frå Sunnfjord er sikta for å ha påført deira eigen seks månader gamle baby brot på hovudskallen og andre brotskader.

  • Fredag 18. mai kl. 14.52

    Mopedgamlingane er snart borte

    Ein gong var dei talrikt representerte og eit sosialt bindeledd både i by og bygd. I dag er Johan Moene (70) nesten åleine att i kategorien «eldre menn på moped», eller «mopedgamlingar».

  • Fredag 18. mai kl. 12.26

    Godtek ikkje kort tunnel

    Bygdefolket på Veitastrond i Luster godtek ikkje at fylkesrådmannen no vil greie ut ein kortare tunnel på den rasfarlege vegen til bygda.

  • Fredag 18. mai kl. 10.34

    Myrkaskog gler og gruar seg

    - Dette er den sjansen eg får. Om dette slår til tek eg utfordringa, seier 23-åringen som har skåra 11 mål på seks kampar i 3. divisjon for Vik.

  • Fredag 18. mai kl. 9.52

    Sogndal utan Patronen

    Sogndal må truleg greie seg utan midtstoppar Hannu Patronen i dei to kampane som er att før laget får ein pause på ein månad.

  • Fredag 18. mai kl. 8.46

    Set ned farten i beiteområde

    Tidleg ein morgon i haust var over 30 geiter drepne då ein nattbuss køyrde inn i flokken. No har Vegvesenet bestemt at fartsgrensa gjennom beiteområdet på riksveg 5 i Jølster skal setjast ned til 70 km/t.

  • Fredag 18. mai kl. 8.05

    Bilførar skadd etter møte med hjort

    Føraren av bilen ville ikkje køyre på hjorten og svinga unna. I staden fekk vedkommande sjølv smerter.

  • Fredag 18. mai kl. 7.36

    Flyttar frå Bergen til Sandane

    Bano-gruppen flyttar hovudkontoret sitt frå Bergen til Sandane.

  • Fredag 18. mai kl. 7.05

    No kan sommarskisenteret opne

    Telenor har endeleg fått på plass mobildekning på Strynefjellet, og sommarskisenteret planlegg opning i neste veke.

  • Torsdag 17. mai kl. 21.35

    Kvinne sona eit halvår utan grunn

    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.