Nyheter - Buskerud, Telemark & Vestfold:

  • I dag kl. 20.48

    Se Østafjells:

    Se Østafjells:

  • I dag kl. 20.30

    Trafikkulykke i Brevik

    En bil har kjørt inn i en bergvegg på Strømtangvegen i Brevik. Det var to personer i bilen og begge har kommet seg ut av kjøretøyet.

  • I dag kl. 19.16

    Hund bet 11-åring

    Politiet etterlyser en hundeeier etter at en 11 år gammel jente ble bitt av en hund i Porsgrunn i kveld. Ifølge Varden fikk jenta et stort bitt som gjorde at hun blødde. Eieren skal ha gått videre uten å sjekke hvordan det gikk med jenta.

  • I dag kl. 18.40

    Se Østafjells:

    Se Østafjells:

  • I dag kl. 17.39

    Sauherad betaler Jachimowicz

    Sauherad kommune tar Høyesterett-dommen til etterretning og betaler 2,5 millioner kroner i saksomkostninger for Katarzyna Jachimowicz som tidligere var fastlege i kommunen. Det ble enstemmig vedtatt i formannskapet i dag, skriver TA.

  • I dag kl. 17.12

    Ola Elvestuen tar ikkje stilling

    Klima- og miljøminister Ola Elvestuen ville ikkje ta stilling til om det er mogleg med ei samdrift med Norcem si gruvedrift og NOAH sitt deponi for farleg avfall i Dalen gruver i Brevik. NOAH meiner det er fullt mogleg med samdrift, men Norcem seier det ikkje er aktuelt med eit deponi så lenge det er gruvedrift der.

  • I dag kl. 17.01

    Må sone for ruskøyring i bil

    Ei kvinne i 60-åra må sone 24 dagar i fengsel og betale ei bot på 25.000 kroner. Det har Nedre Telemark tingrett bestemt. Kvinna har køyrd bil medan ho var ruspåverka, i tillegg køyrde ho utan førarkort.

  • I dag kl. 16.46

    Manglar folk til å bere bøsser

    Skien manglar bøsseberarar til årets TV-aksjon som går til Kirkens Bymisjon. Så langt har 178 bøsseberarar meldt seg, men Skien har behov for nærare 450 bøsseberarar for å dekke heile kommunen. Det er ikkje for seint å melde seg til teneste.

  • I dag kl. 15.51

    Vann klimameisterskapen

    Hjalmar Johansen vidaregåande skole i Skien vann haustens klimameisterskap for vidaregåande skular i Telemark. Hjalmar Johansen sparte 52 kilo CO? per elev. Dei vidaregåande elevane sparte 184 tonn CO?, som svarar til 19 flyturar rundt jorda.

  • I dag kl. 15.43

    Grill starta lyngbrann i Bø

    Brannvesenet i Bø har kontroll på ein skog og lyngbrann i Uvdalsvegen i Bø. Det er brunne om lag 20–30 kvadratmeter. Brannvesenet har funne ein eingongsgrill på staden.

  • I dag kl. 15.40

    Kåra til årets smitteverner

    Yngvar Tveten er kåra til årets smitteverner av Norsk forum for smittevern. Det er første gangen denne prisen blir delt ut. Tveten er smittevernoverlege ved Sjukehuset Telemark.

  • I dag kl. 15.11

    Vil stoppe samanslåing

    Senterpartiet la i dag fram eit forslag i Stortinget om å stoppe regionsamanslåinga av Telemark og Vestfold. Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen viser til stor motstand mot samanslåinga i begge fylke og at begge fylkestinga stemte imot.

  • I dag kl. 14.18

    Fartskontroll på E134 i Heddal

    Utrykkingspolitiet har hatt ein laserkontroll på E134 i Heddal. Det blei skrive ut 30 forenkla førelegg for brot på fartsgrensa, samt 3 forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon. Høgaste farten blei målt til 80 km/t i ei 60-sone.

  • I dag kl. 14.09

    Store forskjellar i avgifter

    Det er store skilnadar på dei kommunale avgiftene i Telemark, skriv Varden. Dyrast er Hjartdal, der du må ut med over 26.000 kroner for vatn, avløp, renovasjon, feiing og eigedomsskatt. Best er det i Vinje, der dei same avgiftene kostar 8800 kroner.

  • I dag kl. 14.02

    Dømt for tjuveri av eldre

    Elleve rumenarar er dømde for grove tjuveri frå eldre personar i Telemark, Vestfold og Agder. Dei spesialiserte seg på å stela frå sjukeheimar og bustadar for eldre. I ein fersk dom frå Nordre Vestfold tingrett vart alle elleve dømde til fengsel.

  • I dag kl. 14.00

    Klimaendringane er ei utfordring

    Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner norske kommunar må jobbe meir systematisk med klimaendringar. Blant anna må kommunane sikre at det ikkje blir bygd der det i framtida blir utfordrande eller farleg å bu.

  • I dag kl. 11.53

    Over eitt år fengsel for narkotika

    Ein mann i 20-åra er i Nedre Telemark tingrett dømt til fengsel i eitt år og éin månad. Mannen har oppbevart over 220 gram amfetamin. I dommen står det at lovbrotet er grovt på grunn av storleiken og kor farleg stoffet er.

  • I dag kl. 11.41

    Meiner barna ikkje blir høyrde

    Styret ved Brevik oppvekstsenter meiner at regjeringa sviktar barna i Brevik i arbeidet med deponisaka. Barna er ikkje høyrde, slik lova krev, seier styreleiar Aslaug Ravlo. I ettermiddag skal ho drøfte saka i eit møte med statsråd Ola Elvestuen.

  • I dag kl. 11.27

    Har ikkje betalt kommunale avgifter

    Fleire husstandar i Drangedal har ikkje betalt utgifter til vatn og avløp fordi kommunen ikkje veit kven som er kopla på det kommunale nettet, skriv Drangedalsposten. Kommunen skal forsøke å finne ut kva bustader dette dreiar seg om.

  • I dag kl. 10.33

    Opphaldsvêr i helga

    Opphaldsvêr i helga

  • I dag kl. 10.20

    Redusert framkome på fv. 211

    Det er redusert framkome på fylkesveg 211 mellom Grådalen og Rørholt brygge i Bamble. Det blir manuell dirigering og vegen kan bli stengt på inntil 30 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid. Dette gjeld fram til fredag klokka 18.00.

  • I dag kl. 9.39

    Etterlyser meir førebygging

    Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap meiner norske kommunar må jobbe meir systematisk med klimaendringar. Blant anna må kommunane sikre at det ikkje blir bygd der det i framtida blir farleg å bu, seier direktør i DSB, Cecilie Daae.

  • I dag kl. 8.22

    Vender ryggen til ministeren

    Klimaminister Ola Elvestuen kan ikkje vente seg ein varm velkomst når han skal prate om deponiplanane i dag. Folk i Brevik seier dei vil signalisere motstand ved å vende ministeren ryggen. Men Thor Kamfjord i Brevik vel trur ikkje det er vegen å gå.

  • I dag kl. 7.19

    Kåss er glad for Norcem sitt svar

    Robin Kåss seier han vil ta opp Norcem si høyringsutsegn i deponisaka når han møter statsråd Ola Elvestuen. Norcem har konsesjon til å ta ut kalkstein i Dalen gruver fram til 2040. – Styresmaktene har ikkje greidd å avklare kven som eig gruvene, seier Kåss.

  • I dag kl. 6.51

    Vil lyse opp Tinn

    Tinn har sett seg som mål å bli Noregs mest lysande kommune. Dei har sendt ut refleksar til barn og unge. – I eit kommunesenter der sola er borte nesten halve året, er det viktig å synast i mørket, seier ordførar Bjørn Sverre Birkeland.

  • I dag kl. 5.57

    Bert og vått over Haukelifjell

    Bert og vått over Haukelifjell

  • I dag kl. 5.46

    Storkontroll i Bø

    Politiet, Vegvesenet og Tollvesenet hadde ein storkontroll i Bø onsdag. Dei kontrollerte rundt 100 køyretøy. Blant anna vart éin bil avskilta, 11 fekk gebyr for manglande bilbelte eller andre feil og 41 fekk mangellappar.

  • I dag kl. 5.43

    Vald med balltre

    Ein mann i 20-åra er gripen etter ei valdshending i Skien onsdag kveld der det er blitt brukt balltre. Den fornærma er ikkje alvorleg skadd. Bakgrunnen for hendinga skal vera ein annan episode med vald frå helga som var.

  • I dag kl. 5.36

    To til sjukehus

    Ein bil køyrde ut ved Valebø i Skien onsdag kveld og vart liggjande mellom vegen og togskjenene. Det var to personar i bilen, begge vart køyrde til sjukehus.

  • Onsdag 17. oktober kl. 23.28

    Kritiske til konsekvensutgreiing

    Norcem meiner konsekvensutgreiinga frå Klima- og miljødepartementet, av Dalen gruver i Brevik, ikkje er god nok. Sementbedrifta peiker på at det ikkje er godt nok greia ut på detaljnivå, kor egna gruvene er som deponi. Norcem skriv også i sitt høyringssvar at det kan stillast spørsmålsteikn ved den gruvefaglege kompetansen, til dei som har utført risikoanalysen. Samdrift av kalkutvinning, og deponidrift er også uaktuelt for Norcem.

  • Onsdag 17. oktober kl. 20.56

    Gir en million til bluesfestivalen

    Fylkesutvalget har bevilget en million kroner til Notodden Blues Festival, skriver Telen. Det er halvparten av det festivalen har søkt om. Leder for kulturkomiteen, Tone Berge Hansen, sier at dette har vært en vanskelig sak for hele kultur-Telemark.

  • Onsdag 17. oktober kl. 20.35

    Se Østafjells:

    Se Østafjells:

  • Onsdag 17. oktober kl. 19.35

    Selger skole på Prestejordet

    Skien videregående skoles avdeling på Prestejordet selges for 35 millioner kroner. Eiendommen selges til selskapet Nilas AS, skriver TA. Det har fylkesutvalget bestemt i kveld. Brekkeby blir derimot ikke solgt etter at høyeste bud var 12, 5 millioner kroner.

  • Onsdag 17. oktober kl. 19.20

    Pågrepet for tyveri på Notodden

    En mann ble holdt nede av en ansatt ved Tuvensenteret i ettermiddag, helt til politiet kom og pågrep mannen. To andre menn ble holdt under oppsikt og ble pågrepet samtidig. De tre er alle pågrepet for tyveri ved senteret.

  • Onsdag 17. oktober kl. 18.22

    Se Østafjells:

    Se Østafjells:

  • Onsdag 17. oktober kl. 16.53

    Høysesong for viltpåkjørsler

    I fjor blei det registrert 140 kollisjoner mellom bil og vilt i Telemark de siste tre månedene av året. Kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige sier en verken taper bonus eller må betale egenandel på forsikringen ved dyrepåkjørsler.

  • Onsdag 17. oktober kl. 16.43

    – Go-Ahead har et dårlig rykte

    Fylkesleder i SV, Ådne Naper, mener valget av britiske Go-Ahead vil gi et dyrere og dårligere togtilbud på Sørlandsbanen. NSB tapte i dag konkurransen. Go-Ahead er et privat selskap og den største jernbaneaktøren i Storbritannia. :

  • Onsdag 17. oktober kl. 16.39

    20 kirker i utsatte områder

    Det står dårlig til med kirkene i Telemark. En rapport viser at klimaendringene gir sopp, råte og fare for ras og flom, og 20 kirkebygg i Telemark ligger i utsatte områder. Disse kirkene ligger i 11 kommuner, blant annet i Tinn, Seljord og Vinje.

  • Onsdag 17. oktober kl. 16.36

    Tre tatt på Tuven

    Tre menn blei nå i ettermiddag pågrepet for tyveri på Tuvensenteret på Notodden. Den ene blei holdt nede av en ansatt på senteret mens de to andre blei holdt under oppsikt til politiet kom fram.

  • Onsdag 17. oktober kl. 12.42

    Britisk selskap på Sørlandsbanen

    Den kommersielle britiske aktøren Go-Ahead skal kjøre togene på Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen. NSB tapte konkurransen. Det blei klart under en pressekonferanse i dag. Kontrakten varer i inntil ti år og gjelder fra desember 2019.