Nyheter - Hordaland:
- Søndag 22. juni kl. 21.24
Manglar ferjemannskap
Norled melder at dei grunna mannskapsmangel må kansellere to rundturar på E39 Lavik-Oppedal søndag kveld. Dette gjeld avgangane klokka 22.10 og 22.40 frå Lavik, samt 21.40 og 23.10 frå Oppedal.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Lørdag 21. juni kl. 10.06
Hendingsrik natt for politiet i Florø
Med fleire tusen turistar samla til sildefest natt til laurdag, så hadde politiet sitt å henge fingrane i, skriv Firdaposten. Dei viser til at politiet måtte hanskast med dokumentforfalsking, søvnlause båtturistar i festbrygge og slagsmål i løpet av natta. – Ingen var skada og partane blei einige om at dersom dei skulle melde kvarandre så fekk det skje i ettertid, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen til Firda.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Fredag 20. juni kl. 11.09
To motorsyklar involverte i ulukke
To motorsyklar og to personar er involverte i ei trafikkulukke på Kinsarvegen i Ullensvang. Den første meldinga frå politiet gjekk på at fleire MC-ar var involverte. Ulukka vart meldt klokka 10.38. – Lite trafikk og passasje for øvrig køyretøy på staden, operasjonsleiar Ole Ronny Olsen. Førebels er det melding om smerter i arm for ein av personane. Vedkomande er vaken og bevisst.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Fredag 20. juni kl. 5.37
Sunnfjord kommune vil kutte tre sjefar og spare 20 mill.
Sunnfjord kommune kan verte tre kommunalsjefar fattigare dersom eit forslag frå ei prosjektgruppe går gjennom. Gruppa, som jobbar med å spare pengar, meiner kommunen kan spare ca. 20. millionar på administrasjonen. Dei foreslår også ei omorganisering, skriv Firda. Gruppa foreslår ein felles sektor for oppvekst, ein for helse og omsorg og ein sektor kalla samfunnsutvikling og drift. Saka skal ut på køyring med frist 1. september.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Onsdag 18. juni kl. 20.52
Stengt tunnel E16
E16 ved Bolstad mellom Voss og Dale. Eit køyrefelt stengt grunna ein større stein som er kommet ned i vegbana. Steinen er estimert til å være ca 1x1m i diameter. Entreprenør er på veg. Trollkonetunnelen er stengt i retning Voss i forbindelse med hendelsen skriv vegtrafikksentralen.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Mandag 16. juni kl. 18.43
Michelin-stjerne til bergensrestaurant
Omakase by Sergey Pak får tildelt ei Michelin-stjerne. Det vart klart under presentasjonen av den nye utgava av den nordiske Michelin-guiden måndag kveld. Brødrene Vladimir og Sergey Pak står bak fine dining-restauranten, som ligg i Domkirkegaten. Dermed har Bergen no to restaurantar med Michelin-stjerne. Lysverket fekk si stjerne i 2022.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Mandag 16. juni kl. 10.18
Bil rygga på barnevogn i Bergen
Ein bil har rygga på ei barnevogn i Loddefjord i Bergen, melder politiet. Barnet som var i barnevogna er køyrt til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse. Skadeomfang er førebels ukjent. Politiet er på staden og gjer undersøkingar.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Fredag 13. juni kl. 7.20
Lærdalstunnelen er stengt inntil vidare
Lærdalstunnelen er stengt inntil vidare. Årsaka er gjenstand i vegbanen, opplyser Vegtrafikksentralen på X. Stenginga vart meldt klokka 07.16 fredag morgon.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Torsdag 12. juni kl. 14.22
Rib-seter var montert av båtprodusenten
Seterekkja som losna på ein rib-tur i Nordfjord tysdag, var montert av den danske båtprodusenten JJ Racing, bekreftar leiar Jan Jørgensen. Seterekkja losna i ein babord sving. Fem turistar fauk ut i Eidsfjorden mens båten køyrde i rundt 30 knop, ifølge politiet. Jørgensen i JJ Racing seier dei ikkje har vore borti ei liknande hendig før med denne båtmodellen. Han ønsker ikkje å kommentere saka ytterlegare. I ettermiddag kjem Sjøfartsdirektoratet til Nordfjordeid for å inspisere fartøyet.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK
- Mandag 9. juni kl. 17.45
Løvstakktunnelen kortvarig stengt
Løvstakktunnelen i Bergen er kortvarig stengt, melder Vegtrafikksentralen. Det skyldes bilberging.
- Les hele saken
- Seksjon: Hordaland
- Kilde: NRK
- Se flere: Nyheter fra NRK