Nyheter - Sogn og Fjordane:

  • I dag kl. 15.33

    Blåste raudt i fartskontroll

    Mannen i 40-åra vart målt til 61 kilometer i timen i 50-sona i Sunnhordland i sommar. Då han i tillegg blåste raudt på utandingsprøva, enda saka i retten. No er mannen dømd til fengsel i 14 dagar på vilkår. Han må også betale 80.000 kroner i bot, samt klare seg utan førarkort i 12 månader.

  • I dag kl. 12.33

    Bil forsøkte å snu i Fløyfjelltunnelen

    Ein politipatrulje stansa ein personbil som forsøkte å snu i Fløyfjelltunnelen tysdag føremiddag. Bilføraren, ein mann i 80-åra, har fått førarkortet beslaglagt etter hendinga. Bilen måtte eskorterast ut av ein politipatrulje som var i området.

  • I dag kl. 11.05

    MDG-politikar går ut av Bergen bystyre

    Eline A. Haakestad (MDG) flyttar frå Bergen kommune til Oslo etter elleve år i byen. Dermed må ho også gi slipp på verva sine som medlem i bystyret. I førre periode var ho mellom anna kulturbyråd. MDG ønsker at første vara Emil Perron overtek den faste bystyreplassen hennar framover, i tillegg til plassen i utval for finans, kultur og næring. Det kom fram i forretningsutvalet tysdag morgon. Saka skal opp i bystyret i september. – Det var veldig gøy i førre periode å vere med og styre byen og dytte byen i ein grønare retning. No ser eg fram til nye utfordringar i Oslo, seier Haakestad til NRK. Ho har fått jobb som seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet, der ho starta denne veka. Haakestad skal jobbe med klimatilpasning og jordvern. – Er du ferdig med Bergen no? – Det er for tidleg å seie. Eg er veldig glad i byen. Eg vil sakne å vere så nært byfjella og fjorden.

  • I dag kl. 10.51

    Mann tiltalt for grov trussel på Flesland: – Eg har ein granat

    Ein mann er tiltalt for å legge fram ein grov trussel på Bergen lufthamn 9. april i år, melder BT. – Eg har ein granat og ein avtrekkar, skal mannen ha sagt til ein Avinor-tilsett. Samtidig skal han ha peika på bukselomma si og ein metallring på jakka, og sagt at den tilsette burde kontakte sikkerheitstenesta. Mannen i 40-åra er også tiltalt for ordensforstyrring, utøving av vald, for å bere kniv på offentleg stad og for brot på besøksforbod. Han skal mellom anna ha bite i bukselomma på ein kvinneleg politibetjent og deretter spytta på buksa hennar. Alle tiltalene er for hendingar som har skjedd mellom mars og mai i år.

  • I dag kl. 9.49

    Ber om fire veker for innbrotstjuv

    Politiet meiner mannen i 40-åra har gjort seg skuldig i sju lov­brot, hovudsakleg vinnings­forhold, frå mai til i dag. Mannen vart pågripen natt til i går etter eit inn­brot i ein butikk i bergens­området i går. – Det vart då identifisert gjenstandar som kan knytast til butikken, men også gjenstandar som vi mistenker er tjuveri frå privatpersonar, seier politi­advokat Olav Otterdal i Vest politi­distrikt. Det var vitne som varsla politiet om knuse­lydar frå butikken. Mannen vart pågripen like ved. – Det er sju saker i siktinga, men vi jobbar med å finne ut om ein del gjenstandar kan stamme frå tjuveri eller innbrot frå privat­personar, seier Otterdal. Politiet ber i dag Hordaland tingrett om å få varetekts­fengsle mannen i fire veker grunna fare for gjentaking. – Mannen er førebels ikkje avhøyrd, så vi får sjå kva han fortel i retten, seier Otterdal.

  • I dag kl. 7.20

    To vegar i Vestland blant «dei ti verste» i landet

    To av ti finalistar i kåringa «Noregs dårlegaste fylkesveg» ligg i Vestland: Fv. 49 Steinsdalen–Eikedalen (mellom Kvam og Samnanger): I vurderinga skriv Opplysningsrådet for Vegtrafikken blant anna at dette er ein rasfarleg og trafikkert strekning med mykje arbeidspendling, som ofte blir stengd. Fv. 615 Storebru–Sandane (Gloppen): I vurderinga skriv Opplysningsrådet for Vegtrafikken blant anna at dette er ein smal og svingete veg som også er einaste omkøyringveg for E39 i området. «Noregs dårlegaste fylkesveg» blir kåra 8. oktober, og det er Opplysningsrådet for Vegtrafikken som står bak.

  • I dag kl. 5.33

    Rusa mann viste kniv på bensinstasjon

    Ein rusa mann skal ha vist fram ein kniv på ein bensinstasjon ved Danmarksplass i Bergen natt til tysdag. Kniven, som blir omtalt som ein foldekniv, skal ha blitt halden mot ein vektar. Den mistenkte, som er ein mann i 40-åra, hadde forlate stasjonen då politiet blei varsla. Politiet fekk kontroll på mannen i området Fjøsangerveien/Solheimsgaten. Ingen personar blei skadde. Den mistenkte blir sett i drukkenskapsarrest, og meldt til politiet for bering av kniv på offentleg stad.

  • I dag kl. 5.18

    Branntilløp i bubil i Luster

    Det blei meldt om eit branntilløp i ein bubil i Luster måndag kveld. Politi og brannmannskap kom til staden, men det skal ikkje ha vore flammer. Det har brunne i eit sikringsskap under bubilen, melder politiet. Ingen personar blei skadde. Politiet opprettar sak.

  • I dag kl. 5.15

    Bil svingte unna hjort – hamna i autovernet

    Ein bil hamna i autovernet då føraren svingte unna ein hjort mellom Naddvik og Kolnostunnelen i Årdal natt til tysdag. Føraren var ein mann i 30-åra, og han er uskadd. Det var ingen andre involverte i uhellet. Hjorten kom seg også uskadd unna.

  • Mandag 15. september kl. 21.43

    Bilulykke på Fjøsangerveien

    Politiet rykket ut til Fjøsangerveien i retning Flesland, etter melding om at en bil har kjørt i autovernet. – Det er to personer i bilen. De fremstår ikke alvorlig skadet, melder operasjonsleder i politiet, Tore-Andre Brakstad. Klokken 21.59 melder politiet om at de er ferdig på stedet. – Fører får sitt førerkort beslaglagt, etter mistanke om at han hadde sovnet, melder operasjonsleder Brakstad.

  • Mandag 15. september kl. 19.44

    Vestlandsrevyen 15. september

    Ferjemannskap blir framleis trakasserte. Haldningskampanjar har berre hatt delvis effekt. Programleiar er Jan Børge Leirvik.

  • Mandag 15. september kl. 18.35

    Tatt for promillekjøring i Sogndal

    Politiet fikk melding om en bil som vinglet på veien i Sogndal og rykket ut. – Patrulje stanset bilen. Føreren blåste i alkometer til langt over tillatt verdi og fremstilles for blodprøve. Det melder operasjonsleder i politiet, Tore-Andre Brakstad.

  • Mandag 15. september kl. 18.21

    Melding om brann i Blomsterdalen

    Brannvesenet rykker ut til melding om brann i en bygning i Blomsterdalen i Bergen. Det melder vaktkommandør ved 110-sentralen, Dan Inge Gjesdal. Klokken 18.32 melder brannvesenet at det ikke var noen brann på stedet. – Årsaken var en svidd kløtsj på et verksted. Brannvesenet returnerer, melder Gjesdal.

  • Mandag 15. september kl. 17.38

    Trafikkulykke i Vallaviktunellen

    Nødetatene er kl. 18 fremme i Vallaviktunellen på riksvei 13, der det ble meldt om en front mot front ulykke i ettermiddag. Det var tre biler med totalt fire personer involvert. Den ene bilen er ute av kjørt tunellen. Bilberger er på vei, melder politiet. – Det er trolig ikke personskade. Tunellen er stengt, melder operasjonsleder i politiet, Tore-Andre Brakstad, klokken 17.37. Brannvesenet er fremme kl. 17.44. og melder om kontroll på stedet. Det er ikke røyk eller lekkasje fra bilene. Klokken 18.08 melder brannvesenet at de driver trafikkavvikling på stedet, i påvente av bilberging. Klokken 18.46 melder politiet at bilene er fjernet og veien åpnes. Klokken 18.47 melder politiet om fri ferdsel i tunnelen.

  • Mandag 15. september kl. 16.45

    Pågrepet for tyveri av båt

    En politipatrulje kom over en stjålet båt som var lagt til kai på Søreide i Bergen. Etter hvert kom en person til stedet som politiet mener kan knyttes til båten og tyveri av den. Vedkommende, en mann i 40-årene, er pågrepet, melder operasjonsleder i politiet, Tore-Andre Brakstad.

  • Mandag 15. september kl. 16.37

    Staten anker Førdefjorden-saken til Høyesterett

    Etter nederlaget i Borgarting lagmannsrett der det ble slått fast at vedtakene om dumping av gruveavfall i Førdefjorden er ugyldige, har staten bestemt seg for å anke. – Vannforskriften legger føringer for mange ulike saker. Vi anker dommen fordi det er prinsipielt viktig med en tydelig avklaring fra Høyesterett i denne saken, sier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i en pressemelding. Miljøorganisasjonene nedla påstand om at regjeringens tillatelser til dumping av gruveavfall fra 2016 og driftstillatelsen fra 2022 er ugyldige, noe lagmannsretten var enig i. Naturvernforbundet har håp om at de skal vinne frem også i Høyesterett. – Selv om staten har rett til å anke, kan ikke det bety at gruveselskapet skal få lov til å ødelegge fjorden mens saken går sin gang, sier Truls Gulowsen, leder i Naturvernforbundet, i en pressemelding. (NTB/NRK)

  • Mandag 15. september kl. 14.29

    AP-ordførarar i Sogn og Fjordane krev at helseministeren grip inn

    Helse Førde har varsla omfattande kutt i sine helsetilbod, noko, som har fått Arbeidarparti-ordførarane i Sogn og Fjordane til å reagere kraftig. I ein pressemelding ber dei helseministeren om å gripe inn og sikre eit forsvarleg helsetilbod i regionen. – Vi kan ikkje akseptere ei nedbygging av helsetilbodet i Sogn og Fjordane. Staten må ta eit større ansvar, seier AP-ordførarane. Dei peikar på at planane om å samle ortopedi og barseltilbod til Førde, kutte i ambulansetenesta og byggje ned DPS-strukturen, vil svekke tryggleiken til folk i distrikta. Kommunane understrekar at dei sjølve ikkje har økonomiske musklar til å overta ein større del av helserekninga. – Våre budsjett er allereie pressa til det ytterste. Dersom meir ansvar vert skyvd over på kommunane, vil det i praksis svekke både helsetilbodet og andre velferdstenester. Dei ber regjeringa om å tilføre meir ressursar til helseføretaka og gjennomgå helseføretaksmodellen, slik at lokalsjukehusa kan utviklast for framtida - ikkje byggjast ned.

  • Mandag 15. september kl. 12.38

    Fløyfjelltunnelen tidvis nattestengt fram til sommaren

    I samband med arbeidet med å skifte ut ventilatorane i Fløyfjelltunnelen vil tunnelen bli tidvis nattestengt. Arbeidet begynte natt til måndag, og er planlagt ferdig sommaren 2026. – Når det er mogleg vil eitt felt vere opent. Delvis vil det vere naudsynt med stenging. Dette på grunn av tryggleiken både for arbeidarar og trafikantar, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Trafikantar blir oppmoda til å følge med på 175.no og appen Vegvesen trafikk for oppdaterte stengingsvarsel.

  • Mandag 15. september kl. 12.15

    Bohus i Åsane evakuert etter brann

    Bohus i Åsane vart evakuert måndag føremiddag etter brann i ein stikkontakt. Det skal ha vore opne flammar frå stikkontakten, men brannen er no sløkt, opplyser Dan Inge Gjesdal, vaktleiar i 110 Vest Brannvesenet køyrer ut og melder at dei har kontroll på staden.

  • Mandag 15. september kl. 12.09

    Brann på Husnes i helgen: mindreårige leiket med ild

    Søndag kveld fikk brann og politi melding om røykutvikling i et hybelhus i Husnes sentrum. Fire mindreårige ble fraktet til lokal legevakt etter å ha fått i seg røyk. Politiet opplyser at det ser ut som at en gjeng med mindreårige har leiket med ild rett innenfor inngangen, før det tok fyr. Det skriver Sunnhordland. Det var åpne flammer i tredje etasje. Nødetatene var raskt på stedet, og fikk slukket brannen. – Vi har opprettet sak som går på skadeverk og vil etterforske videre. Med tanke på at det er mindreårige, blir det litt annerledes enn eller, sier Sigurd Børve, politistasjonssjef ved Kvinnherad politistasjon.

  • Mandag 15. september kl. 12.09

    Brann på Husnes i helgen – mindreårige skal ha lekt med ild

    Søndag kveld fikk brann og politi melding om røykutvikling i et hybelhus i Husnes sentrum. Fire mindreårige ble fraktet til lokal legevakt etter å ha fått i seg røyk. Politiet opplyser at det ser ut som at en gjeng med mindreårige har lekt med ild rett innenfor inngangen, før det tok fyr. Det skriver Sunnhordland. Det var åpne flammer i tredje etasje. Nødetatene var raskt på stedet, og fikk slukket brannen. – Vi har opprettet sak som går på skadeverk og vil etterforske videre. Med tanke på at det er mindreårige, blir det litt annerledes enn ellers, sier Sigurd Børve, politistasjonssjef ved Kvinnherad politistasjon.

  • Mandag 15. september kl. 9.22

    Erkjenner ikke straffskyld i gruppevoldtektssaken

    I dag klokken 09.00 åpnet Gulating lagmannsrett behandlingen av ankesaken i den mye omtalte gruppevoldtektssaken fra Stad. Tre menn i 20-årene ble i Sogn og Fjordane tingrett dømt til over fem års fengsel hver, for å ha voldtatt en tenåringsjente etter en ungdomsfest i januar i fjor. Samtlige nekter straffskyld.

  • Mandag 15. september kl. 9.13

    To biler involvert i trafikkulykke i Bergen

    Nødetatene rykket ut til en trafikkulykke på Fv. 587 Hardangervegen, mellom Midtun og Helldal klokken 08:46. To kjøretøy er involvert, en av bilene hadde en tilhenger som var lastet med materialer. Ifølge politiet skal en av bilene ha kommet delvis over i motgående kjørefelt og truffet den andre bilen. – Politiet mistenker at lasten ikke var forskriftsmessig sikret. Det skal gjennomføres en undersøkelse av tilhengeren, og førerkort av føreren med tilhengeren vil bli beslaglagt, opplyser operasjonsleder Morten Rebnord. De involverte skal være uskadd. Begge kjørefelt ble sperret mellom Midttun og Helldal, og veien ble derfor stengt. Bilberger ble bestilt. Like før klokken 10 er berging igangsatt. Det ene kjøretøyet er flyttet ut av veibanen. Et kjørefelt åpnes, og det blir manuell dirigering. Skyss melder også om forsinkelser på enkelte turer på linje 29. Klokken 10.44 er veibanen ryddet og veien er åpen for fri ferdsel igjen, melder politiet. Nødetatene avslutter på stedet og politiet oppretter sak.

  • Mandag 15. september kl. 5.37

    25 millionar til ny entrepenørskule

    Agenda Vestlandet går inn med 25 millionar kroner til ein ny entreprenørskule ved Høgskulen på Vestlandet. Utdanninga skal gi studentane moglegheita til å utvikla idear til reelle selskap undervegs i studiet. Første kull skal etter planen starta hausten 2027, men arbeidet med å utvikla den nye utdanninga går i gang med det same. Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Norge.

  • Mandag 15. september kl. 5.37

    25 millionar til ny entreprenørskule

    Agenda Vestlandet går inn med 25 millionar kroner til ein ny entreprenørskule ved Høgskulen på Vestlandet. Utdanninga skal gi studentane moglegheita til å utvikla idear til reelle selskap undervegs i studiet. Første kull skal etter planen starta hausten 2027, men arbeidet med å utvikla den nye utdanninga går i gang med det same. Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Norge.

  • Mandag 15. september kl. 5.26

    Ankesak etter gruppevaldtektssaka i Stad

    Måndag startar ankesaka i gruppevaldtektssaka i Stad i Gulating lagmannsrett. Tre menn i 20-åra blei dømde for å ha valdteke ei jente i tenåra etter ein ungdomsfest i januar i fjor. Mennene fekk ulike straffer, men blei alle dømde til over 5 år i fengsel. Mennene har nekta straffskuld, og anka dommen.

  • Mandag 15. september kl. 5.26

    Tre menn dømde for gruppevaldtekt – no startar ankesaka

    Måndag startar ankesaka i gruppevaldtektssaka i Stad i Gulating lagmannsrett. Tre menn i 20-åra blei dømde for å ha valdteke ei jente i tenåra etter ein ungdomsfest i januar i fjor. Mennene fekk ulike straffer, men blei alle dømde til over 5 år i fengsel. Mennene har nekta straffskuld, og anka dommen.

  • Mandag 15. september kl. 4.16

    Mardal til VM-finale etter første kast

    Allerede da sleggen hadde forlatt hendene, knyttet Thomas Mardal neven i jubel. 77,34 meter er langt nok til at finaleplassen ble sikret. – Jeg er i bra slag. Nå har jeg vært veldig jevn i hele år, så jeg hadde tro på at dette skulle gå. At jeg klarer å komme meg på slike lengder i forsøket er veldig bra, sier Mardal til NRK. VM-finalen blir Mardals første, etter at han røk i kvalifiseringen i både 2022 og 2023. I OL i fjor ble det finale og 11. plass. Tidligere i kvalifiseringen tok Eivind Hendriksen seg til finale etter et kast på 77,70. Finalen i Tokyo er klokken 14.00 norsk tid tirsdag.

  • Søndag 14. september kl. 21.00

    Politiet sjekkar bjeffing på Lyderhorn

    Politiet i Bergen underrsøker med hundepatrulje og drone etter å ha fått melding om hundebjeffing i fjellsida mot Lyderhorn. Dei undersøker om nokon kan vera skadde og eventuelt trenga hjelp.

  • Søndag 14. september kl. 21.00

    Politiet sjekka bjeffing på Lyderhorn

    Politiet i Bergen undersøkte søndag kveld med hundepatrulje og drone etter å ha fått melding om hundebjeffing i fjellsida mot Lyderhorn. Dei fekk raskt avklart at bjeffinga stamma frå ein hund i eit jaktlag. – Ingenting som lenger tilseier at nokon er skadde eller treng hjelp, skriv Vest politidistrikt.

  • Søndag 14. september kl. 18.13

    Fire mindreårige til legevakt etter brann på Husnes

    Politiet fekk etter klokka 18 melding om røykutvikling i eit ubebudd hybelhus på Husnes i Kvinnherad. Vest politidistrikt opplyser at fire mindreårige fekk i seg røyk då dei prøvde å sløkka brannen. Alle fire blei sende til legevakt for sjekk. Innsatsleiar Are Blokhus i Kvinnherad brann og redning seier til Kvinnheringen at ein fekk stoppa ein brann som kunne blitt veldig stor. Hybelhuset har tre etasjar med mange rom. Det var forbipasserande som varsla. Det var opne flammar i tredje etasje, ifølge brannvesenet. Naudetatane var raskt på staden, og brannvesenet melde etter få minutt at brannen var sløkt. Rundt klokka 19 hadde brannvesenet undersøkt heile bygget, og konstaterte at det ikkje var personar inne. Politiet vil undersøka åstaden i ettertid.

  • Søndag 14. september kl. 18.13

    Brannutrykking på Husnes

    Naudetatane er på veg etter melding om røykutvikling på ei adresse på Husnes i Kvinnherad, melder Ves politidistrikt.

  • Søndag 14. september kl. 16.43

    Sykkelulukke på Stord

    Ein person skal vera skadd i ei trafikkulukke mellom ein syklist og ein elsparkesyklist på Hatlandsmyro på Heiane i Stord. Politiet fekk melding om ulukka litt før klokka 16.30. Helse og politi er på staden.

  • Søndag 14. september kl. 16.43

    Syklist til sjukehus etter ulukke på Stord

    Ein person skal vera skadd i ei trafikkulukke mellom ein syklist og ein elsparkesyklist på Hatlandsmyro på Heiane i Stord. Politiet fekk melding om ulukka litt før klokka 16.30. Helse og politi er på staden. ngen politisak. Syklisten er køyrd til legevakt av ambulanse for vidare oppfølging. De blir ikkje oppretta politisak, melder Sør-Vest politidistrikt.

  • Søndag 14. september kl. 16.33

    Brann vann 2-0 over Hønefoss

    Toppseriekampen Brann–Hønefoss på Brann stadion enda 2-0 til heimelaget. Brenna Lovera scora begge måla, med fire minutts mellomrom i 2. omgang. På det første var Monica Isaksen målgjevande, på det andre Signe Gaupset.

  • Søndag 14. september kl. 15.59

    Gut funnen i fjellet i Alver

    Vest politidistrikt melder litt før klokka 16 at det har vore sett i verk ein større redningsaksjon etter melding om ein gut som var sakna i fjellet ved Seterbotnen i Alver. Guten er nå funnen i god behald.

  • Søndag 14. september kl. 15.38

    Steinsprang i Kvam

    Eit køyrefelt er stengt på fylkesveg 48 ved Kvitelva i Kvam, melder Vegtrafikksentralen.

  • Søndag 14. september kl. 15.24

    Fotgjengar påkøyrd i Bergen sentrum

    Ein fotgjengar er påkøyrd i Kong Oscars gate i Bergen. – Fotgjengaren har fått eit hjul som har rulla over foten. Bilen køyrde berre vidare, men det kan tenkast at vedkommande ikkje har fått med seg kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt. Politiet skal ha sikra seg registreringsnummer på bilen, og vil prøve å få kontakt med sjåføren.

  • Søndag 14. september kl. 13.56

    Sauesankarar måtte reddast av helikopter

    Redningshelikopter har rykt ut til Kvernhusdalen i Masfjorden der to personar har gått seg skorfaste i samband med sauesanking. Klokka 13.45 opplyser politiet at to kvinner i 40- og 50-åra er redda ut frå området. Det var dei to kvinnene som sjølv varsla politiet.

  • Søndag 14. september kl. 13.30

    Trafikkulykke i Høyanger

    Vegtrafikksentralen melder at eitt køyrefelt er stengt ved Galdane i Høyanger på fylkesveg 55.