Nyheter - Hordaland:

  • Torsdag 24. juli kl. 6.26

    Ung mann sikta for fem brannar i Bergen – forklarte at dei hadde vore frekke med han i fortida

    Ein mann i starten av 20-åra er sikta for å ha stått bak til saman fire bustadbrannar, og ein bilbrann, i løpet av ein periode på fire månadar. Han vart arrestert i april i år, i samband med den siste brannen. Det går fram i ei fengslingsavgjerd frå Hordaland tingrett, som BA omtalte først. Tingretten meiner brannane potensielt kunne ha hatt svært alvorlege konsekvensar, og at menneskeliv kunne ha gått tapt. Mellom anna vart 56 bebuarar evakuerte i ein kraftig brann på Sandsli vesle julaftan i fjor. I avhøyr har den sikta mannen forklart at han meinte folk i husa hadde vore frekke med han i fortida, og at han følte dei ikkje var skuls. Retten meiner mannen ser ut til å ha låg terskel for å setja andre sine liv i fare, at motiva verkar å vera bagatellmessige, og at han ikkje har teke inn over seg alvoret. Dei legg også vekt på at har forklart at han var sikker på at brannane kom til å verta oppdaga. Mannen har sete i varetekt sidan arrestasjonen i april, og vart fengsla på ny denne gongen. Det er venta at rettssaka skal opp i løpet av året.

  • Onsdag 23. juli kl. 13.44

    Mann skal ha falt ned fra fjellhytte

    Luftambulansen rykket ut til Årdal for å lokalisere en mann i 70-årene som skal ha falt ned på en fjellhylle. Det er ukjent hvor mange meter mannen skal ha falt. Helsetilstanden er også ukjent, melder politiet. – Mannen skal ha vært i et turfølge på totalt fem personer, opplyser Frode Kolltveit i politiet.

  • Lørdag 19. juli kl. 16.34

    Skogbrann på Breim

    Lørdag ettermiddag har det startet en skrogbrann på Breim. – Vi er på stedet og observerer situasjonen. Vi har vært i kontakt angående skogbrannhelikopter, men det avventes foreløpig, sier Trond Landaas, vaktkommandør i 110-sentralen Vest, til NRK. Brannen skal ha oppstått i Årdalen, øst for Breimsvannet. – Det er veldig utilgjengelig terreng, så vi får ikke mannskaper opp dit. Foreløpig har vi bare utkikksposter for å følge med på hvordan brannen utvikler seg, og hvilken retning den eventuelt tar, sier Landaas.

  • Mandag 14. juli kl. 7.52

    Bil av vegen i Sunnfjord

    Klokka 07.40 måndag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell ved Vassenden i Sunnfjord. – Ein bil har køyrd av vegen, opplyser operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt. Ifølgje politiet skal bilførar vera vaken, og bilen står slik til at han ikkje hindrar annan trafikk. Klokka 08.03 melder politiet at bilførar er teken med av ambulansen for sjekk på legevakta.

  • Fredag 11. juli kl. 18.33

    Leter etter kvinne med demens på Lyngbø

    Politiet leter etter en kvinne med demens som er savnet på Lyngbø i Bergen. Kvinnen er i 80-årene, har kort, grått hår og er iført en sort bluse med blomster på.

  • Fredag 27. juni kl. 7.18

    Brann i omsorgsenter i Bremanger

    Klokken 06.32 fikk politiet melding om en brann på et omssorgssenter i Svelgen i Bremanger. Brannen er nå slukket. Inger personer er skadet Det er opplyst at det skal ha brent i et kjøleskap og rommet det stod i. Politiet er på vei for å gjøre undersøkelser.

  • Søndag 22. juni kl. 21.24

    Manglar ferjemannskap

    Norled melder at dei grunna mannskapsmangel må kansellere to rundturar på E39 Lavik-Oppedal søndag kveld. Dette gjeld avgangane klokka 22.10 og 22.40 frå Lavik, samt 21.40 og 23.10 frå Oppedal.

  • Lørdag 21. juni kl. 10.06

    Hendingsrik natt for politiet i Florø

    Med fleire tusen turistar samla til sildefest natt til laurdag, så hadde politiet sitt å henge fingrane i, skriv Firdaposten. Dei viser til at politiet måtte hanskast med dokumentforfalsking, søvnlause båtturistar i festbrygge og slagsmål i løpet av natta. – Ingen var skada og partane blei einige om at dersom dei skulle melde kvarandre så fekk det skje i ettertid, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen til Firda.

  • Fredag 20. juni kl. 11.09

    To motorsyklar involverte i ulukke

    To motorsyklar og to personar er involverte i ei trafikkulukke på Kinsarvegen i Ullensvang. Den første meldinga frå politiet gjekk på at fleire MC-ar var involverte. Ulukka vart meldt klokka 10.38. – Lite trafikk og passasje for øvrig køyretøy på staden, operasjonsleiar Ole Ronny Olsen. Førebels er det melding om smerter i arm for ein av personane. Vedkomande er vaken og bevisst.

  • Fredag 20. juni kl. 5.37

    Sunnfjord kommune vil kutte tre sjefar og spare 20 mill.

    Sunnfjord kommune kan verte tre kommunalsjefar fattigare dersom eit forslag frå ei prosjektgruppe går gjennom. Gruppa, som jobbar med å spare pengar, meiner kommunen kan spare ca. 20. millionar på administrasjonen. Dei foreslår også ei omorganisering, skriv Firda. Gruppa foreslår ein felles sektor for oppvekst, ein for helse og omsorg og ein sektor kalla samfunnsutvikling og drift. Saka skal ut på køyring med frist 1. september.

  • Onsdag 18. juni kl. 20.52

    Stengt tunnel E16

    E16 ved Bolstad mellom Voss og Dale. Eit køyrefelt stengt grunna ein større stein som er kommet ned i vegbana. Steinen er estimert til å være ca 1x1m i diameter. Entreprenør er på veg. Trollkonetunnelen er stengt i retning Voss i forbindelse med hendelsen skriv vegtrafikksentralen.

  • Mandag 16. juni kl. 18.43

    Michelin-stjerne til bergensrestaurant

    Omakase by Sergey Pak får tildelt ei Michelin-stjerne. Det vart klart under presentasjonen av den nye utgava av den nordiske Michelin-guiden måndag kveld. Brødrene Vladimir og Sergey Pak står bak fine dining-restauranten, som ligg i Domkirkegaten. Dermed har Bergen no to restaurantar med Michelin-stjerne. Lysverket fekk si stjerne i 2022.

  • Mandag 16. juni kl. 10.18

    Bil rygga på barnevogn i Bergen

    Ein bil har rygga på ei barnevogn i Loddefjord i Bergen, melder politiet. Barnet som var i barnevogna er køyrt til Haukeland universitetssjukehus med ambulanse. Skadeomfang er førebels ukjent. Politiet er på staden og gjer undersøkingar.

  • Fredag 13. juni kl. 7.20

    Lærdalstunnelen er stengt inntil vidare

    Lærdalstunnelen er stengt inntil vidare. Årsaka er gjenstand i vegbanen, opplyser Vegtrafikksentralen på X. Stenginga vart meldt klokka 07.16 fredag morgon.

  • Torsdag 12. juni kl. 14.22

    Rib-seter var montert av båtprodusenten

    Seterekkja som losna på ein rib-tur i Nordfjord tysdag, var montert av den danske båtprodusenten JJ Racing, bekreftar leiar Jan Jørgensen. Seterekkja losna i ein babord sving. Fem turistar fauk ut i Eidsfjorden mens båten køyrde i rundt 30 knop, ifølge politiet. Jørgensen i JJ Racing seier dei ikkje har vore borti ei liknande hendig før med denne båtmodellen. Han ønsker ikkje å kommentere saka ytterlegare. I ettermiddag kjem Sjøfartsdirektoratet til Nordfjordeid for å inspisere fartøyet.

  • Mandag 9. juni kl. 17.45

    Løvstakktunnelen kortvarig stengt

    Løvstakktunnelen i Bergen er kortvarig stengt, melder Vegtrafikksentralen. Det skyldes bilberging.