HERMAN NEU BECKSTRØM
<-HERMAN NEU BECKSTRØM

Student og styreleder i Osterøy IL Fotball

På samlingar i regi av fotballen er dei fleste eg møtar middelaldrande menn med tynt hår og lommebokdeksel på mobilen.

Misforstå meg rett, det er særs kjekt at desse engasjerer seg.

Men eg er redd for at ein del idrettslag går glipp av viktige ytringar og synspunkt på grunn av for dårleg rekruttering av unge.

Eg trur heller ikkje at det skal så mykje til for å lykkast med det.

Frivillige under veteranalder (som i fotballen startar ved fylte 40 år) er underrepresentert i idrettslag og andre frivillige organisasjonar rundt om i landet.

Foto: Javad Parsa / NTB

Sjølv gav eg meg som fotballspelar for eit par år sidan. Heldigvis hadde klubben min, Osterøy IL, nokre observante personar som oppfatta dette.

Dei spurte meg om eg ville bidra i styret. Eitt år seinare vart eg styreleiar i ein alder av 21 år.

Det er eg framleis, og det er kjekt å oppleve at det ein gjer, betyr noko for andre.

Om det ikkje hadde vore for det spørsmålet eg fekk i det eg gav meg, hadde eg nok ikkje vore engasjert den dag i dag.

Tal i frå SSB viser at det er dei mellom 16-24 år som brukte minst tid på frivillig arbeid i idrettslag i 2023.

Hva tenker du?Er det for få unge som er frivillige i idretten?

Dei aller fleste som driv med idrettsaktivitet er born og unge, og det vil difor vere naturleg å få fram dei unge sitt perspektiv.

No i desse dagar startar fotballsesongen. Spelarar i veteranalder og heilt ned til 5-årsalderen gjer seg klar for å spele fotballkampar saman med vener, mot andre lokale lag.

I det aktiviteten aukar, vert det òg tydeleg kor mykje frivillig innsats og engasjement ein er avhengig av rundt aktiviteten.

I tillegg til iherdige trenarar, dommarar og lagleiarar, treng ein òg dyktige personar til alt frå vaffelsteiking til styrearbeid og andre komitéar.

Idretten, som betyr så mykje for så mange, har ei rolle til alle.

Foto: Javad Parsa / NTB

Dersom ein ser at nokon er på veg ut av aktiviteten i idrettslaget, bør det vere naturleg at neste steg er å bidra på andre måtar.

Men dette skjer ikkje av seg sjølv.

Om ingen spør eller informerer om kva organisasjonslivet har å by på, er vegen mykje lengre for å få unge inn i frivillige rollar.

Eg oppmodar difor idrettsleiarar og andre ressurspersonar til å setje eit ekstra fokus rekruttering av unge. Dette er eit tiltak som både er billig, lite tidkrevjande og potensielt kan ha ein stor positiv effekt.

Det hadde vore kjekt om eg under ulike idrettssamlingar hadde møtt fleire ikledd sneakers og vide jeans, som ikkje må halde mobilen på ein armlengd avstand i det ein skal lese kva som står (gjerne etterfølgt av tasting med peikefingeren).

Så om du er ung og har lyst til å bidra med noko: ta kontakt med idrettslaget ditt! Eg tviler på at dei seier nei.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.