JOHN MAGNUS R. DAHL
<-JOHN MAGNUS R. DAHL

postdoktor og ungdomsforskar, MediaFutures, UiB

Dei fleste av oss vil ikkje leve i eit slikt samfunn.

Likevel er det noko liknande me går mot dersom det blir innført 16 års aldersgrense på sosiale media, noko dei strengaste forslaga legg opp til, blant anna framført av professor i samfunnsmedisin Steinar Krokstad.

Argumentasjonen går ofte på at ein blir eksponert for skadeleg innhald i sosiale media, og at sosiale media og smarttelefonen har ført til ei bølge av angst og depresjon blant unge.

La meg understreke det straks: Eg tviler ikkje på at auka av psykiske plager blant ungdom er reell, at den må bli tatt på alvor, og at smarttelefonen og sosiale media er ein medverkande grunn til at mange ungdom slit psykisk.

Eg er derimot skeptisk til at dette er den einaste eller viktigaste grunnen til auken i psykiske plager.

Ein har framleis ikkje klart å syne ein klar kausal-samanheng (etablert klar årsak-verknad), og det finst mange alternative forklaringar på bølga av psykiske vanskar.

Dessutan: Fleire samanliknar sosiale media og smarttelefonen med tobakk, og argumenterer gjerne for ei føre var-haldning.

Då overser dei at sosiale media – og internett generelt – slett ikkje er som tobakk.

Les også: Strengere aldersgrense splitter: – Unge vil bruke Snap uansett

Ein kan ikkje engasjere seg sosialt eller politisk eller lære noko nytt gjennom å røyke ein sigarett.

Det kan ein på sosiale media, og det er nettopp det unge bruker dei til.

Ei aldersgrense på 16 år for sosiale media vil difor ikkje vere praktisk gjennomførbart. Ein kan mislike den teknologiske utviklinga, men du kan ikkje skru tida bakover.

Ungdom lev no både digitalt og fysisk, og dei to kan ein ikkje skilje frå kvarandre. Difor vil ungdom alltid finne teknologiske løysingar for å kome seg på nett.

Slike løysingar vil vere ei gåvepakke til internasjonale aktørar med kapasitet til og ønskje om å innhente og analysere persondata frå norsk ungdom.

At all datatrafikken til tenåringen går gjennom ein VPN frå Kina, fordi tenåringen så gjerne vil bruke sosiale media, er ein mykje meir skremmande tanke enn at dei bruker Tiktok.

I tillegg er det ein heil rekkje praktiske problem før ein får eit forbod og ein eventuell teknologisk portvakt på plass.

IKKJE FORBUD: – Sosiale medier har også ein stor verdi som dei unge fortener å ta del i. Det må dei få lov til å gjere før dei fyller 16, skriv kronikkforfattaren. Foto: Yui Mok / Pa Photos / NTB

Kva skal ein definere som sosiale media? Skal ein til dømes blokkere alle under 16 frå å delta i nettavisene sine kommentarfelt eller forumet «Spør en biolog»?

Kva garanti har ein for at «Spør en biolog» ikkje blir kuppa av tenåringar som startar å bruke det som eit sosialt medium, når ein ikkje lenger kjem seg innpå Snap eller Insta?

Korleis skal ein ta høgde for nye appar, nettstadar, og teknologiar?

Men kva med å vere endå strengare – og innføre ein obligatorisk foreldrelås på smarttelefonen, slik at foreldre må godkjenne kvar einaste app og nettstad og kan fritt sjekke kva tenåringen gjer på telefonen sin?

Eit slikt framlegg syner nesten ein rørande naivitet. Ikkje alle foreldre er kompetente til dette, og ikkje minst: ikkje alle foreldre er gode foreldre for borna sine.

Ein slik foreldrekontroll vil vere utruleg farleg for dei mest sårbare borna:

Dei som lev i valdelege familiar, dei som lev under sterk sosial kontroll, dei som på ein eller annan måte er annleis og ikkje har det godt i lokalmiljøet.

Telefonen er for desse eit livline.

I mi eiga forsking har eg til dømes funne korleis sosiale media er ein trygg stad og ekstremt viktig for sunn sjølvutvikling blant unge gutar.

Igjen: Det hadde vore flott om ein onkel, nabokona, eller læraren hadde tatt ansvar her, men det er ofte ikkje realiteten.

Les også: Frankrike vil innføre pornolov for unge

Men det er ikkje berre sårbare ungdom som bør få vere i fred for foreldra sine på sosiale media. All ungdom har rett på eit privatliv, i aukande grad etter kvart som dei blir eldre.

Ein 15-åring har rett til hemmelege samtaler med vener og flørtar foreldra aldri skal få vite om.

Ein 14-åring har rett til å sjølvstendig finne fram i jungelen av informasjon og underhaldning og lære seg å vurdere om dette er sant eller usant, eller til å reflektere om verdiane til ein offentleg person er noko han kan støtte.

Det tyder at dei må få lov til å bruke sosiale media, rett og slett fordi det er ein viktig del av den moderne offentlegheita:

Det er her tenåringar sosialiserer, blir underheldt, finn nyhende og informasjon, og reflekterer over livet og samfunnet, på tenåringar sitt vis.

Dette er eit perspektiv på sosiale media ein mister dersom ein einsidig fokuserer på usikre påstandar om effekt på mental helse.

Det tyder ikkje at ein skal vere einsidig positiv til sosiale media, eller sleppe tenåringane laus der. Ein treng derimot høvet til å ha ein dialog med dei om kva dei gjer på nett.

Ei hard aldersgrense, særskilt så høgt som 16, vil føre til at tenåringane held bruken sin skjult for foreldre og andre vaksenpersonar, og då er det i alle fall ingen sjanse for ein god dialog om det rare, skremmande og kanskje til og med farlege dei såg på nett.

Sosiale media har nemleg eit skadepotensial – men det har også ein stor verdi som dei unge fortener å ta del i og lære seg å bruke rett.

Det må dei få lov til å gjere før dei fyller 16.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.