INGEBORG OLINE HOVE EIDE (21), Sosiologistudent

Søknadsfristen for høgare utdanning nærmar seg med stormskritt. Og kvart år blir eg like oppgitt.

Fag som medisin og psykologi har skyhøge poengkrav.

Den einaste sjansen ein har for å oppnå draumen om desse yrka, er å jobbe seg halvt i hel på vidaregåande.

Få seksar i alle fag, ta opp ekstra fag som ikkje er relevant for studiet, og vente på å rett og slett bli eldre for å sanke inn alderspoeng.

Dette er konsekvensen av eit opptakssystem som berre vurderer karakterar.

Hva tenker du?Hvis du må velge: Hva synes du er viktig i opptak til et studie?

Me treng eit system som sikrar rette personar inn på nemnde studiar og vidare i jobbane.

Eit system som skapar motivasjon og moglegheiter, og som nyttar ressursane i befolkninga på beste måte.

For me kan ikkje ha ei felles opptaksform og tenke at det vil vere optimalt for alle studier.

Sjå til Danmark! Intensjon til Universiteta i Danmark er å leite etter eigna kandidatar for det enkelte studiet og seinare yrket.

Dette kan vere personar utan dei høgaste karakterane, men som på andre måtar utmerker seg.

For meg verkar dette som den openbart mest logiske måten å drive opptak. Eit opptaksystem som gagnar både studenten og samfunnet.

Måten det vert gjort på varierer mellom ulike studiar, men det er vanleg å kombinere ei minimum karaktergrense med motivasjonsbrev og eventuelt intervju og yrkesspesifikke testar.

Både fjerning av alderspoeng og realfagspoeng kan ha ein positiv effekt, men det gjev oss ikkje løysingane me treng!

Me treng eit system som sikrar rette personar inn på nemnde studiar og vidare i jobbane. Eit system som skapar motivasjon og moglegheiter, og som nyttar ressursane i befolkninga på beste måte.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Mange som ønskjer seg til slike studiar har eit ønskje om å hjelpe andre. For å kunne gjere det meiner eg det er kritisk å forstå pasientane, kunne setje seg inn i deira situasjon og lese mellom linjene.

Satt på spissen, ville du valt ein psykolog med seksar i kjemi over ein med høgare sosial og emosjonell intelligens?

Det vert hevda at dagens karaktersystem er det mest rettferdige, for då stiller alle likt. Ein treng ikkje vere sosiologistudent for å skjøne at dette er langt frå sanninga. Likt betyr sjeldan rettferdig, då me alle har ulike forutsetningar.

Statistikken viser at det i stor grad er dei med høgt utdanna foreldre som klarar å oppnå det same sjølv.

Dette bidrar til ein stadig sosial reproduksjon som er nettopp det Noreg som eit sosialdemokrati skal prøve å unngå.

Det trur eg at alternative opptaksformer, tilpassa kvar enkelt studie kan bidra til.

Tenk på korleis desse ekstreme, einsidige krava påverkar unge menneske. For dei som veit dei har ein sjanse er det kanskje motiverande, men for mange vil det få motsett effekt.

Er det riktig eller sunt at vgs-elevar skal bruke heile fritida si, ofre sosialt liv, vennskap, relasjonar, utforsking, spenning og fridom til fordel for lesing og pugging?

Kanskje vil det kjennes verd det, når ein ti år etter sit der med psykologtittelen ein alltid har drøymt om, eller kanskje ikkje. Ungdomstida får ein aldri igjen uansett.

Noreg kjem til å glipp av altfor mange gode legar og psykologar om dette opptakssystemet får bestå.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.