Hopp til innhold

Vil straffe ulovleg laksefiske strengare

Vest politidistrikt varslar fleire kontrollar for å avdekke ulovleg laksefiske. Det skjer saman med Statens naturoppsyn, Kystvakta og Fiskeridirektoratet.

I fjor var det ein auke på tal på ulovleg fiske av laks og brot på senkepåbodet for garn, særleg i Vestland og Nordland.

Politiet vil også be om strengare straff når dei tek nokon i å fange laks ulovleg.