Hopp til innhold

Vil ha geolog til Askvoll

Ein geolog skal vurdere rasstaden ved Selvik, på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll. Det blir gjort ny vurdering klokka 15 om vegen skal opnast. Byggjeleiar Skule Jacobsen har høyrt buldring i fjellsida og skildrar området som uroleg.

Stein i vegbana ved Selvik på fv 609 mellom Askvoll og Førde.
Foto: Skule Jacobsen / Vestland fylkeskommune