Hopp til innhold

Vestland Ap gjorde vedtak mot Israel

Årsmøtet i Vestland Arbeiderparti vedtok i dag å fordømma Israel sin invasjon, okkupasjon og blokade av Gazastripa. I tillegg vil fylkespartiet:

- lovfesta eit forbod mot handel med varer og tenester produsert på ulovleg okkupert jord, og frå selskap som medverkar til brot på folkeretten og menneskerettar der.

- at oljefondet sel seg ut av alle slike selskap, og ut av alle israelske selskap.

- at Noreg bør gå i spissen for internasjonale sanksjonar mot Israel så lenge den folkerettsstridige krigføringa held fram.