Hopp til innhold

Vegtrafikksentralen melder om ein svært roleg påskeaftan

Hittil har det vore svært roleg for trafikkoperatørane i Vegtrafikksentralen Vest på påskeaftan. Då NRK tek kontakt laurdag ettermiddag, fortel trafikkoperatør Monica Øksengård at dei knapt har fått éin einaste telefon.

– Alle fjellovergangar er opne, og vi har ikkje fått meldingar om glatte vegar.

Likevel ber ho folk om å vere obs på at det kan vere glatt og snø på overgangane. Det er venta mykje trafikk på vegane både søndag og måndag.

Rv13 over Vikafjellet i retning Vinje
Foto: Rv13 Vikafjellet i retning Vinje påskeaftan / Statens vegvesen