Hopp til innhold

Væpna seg etter truslar retta mot politiet i Bergen

Politiet på enkelte politistasjonar i Bergen oppretta væpna vakthald onsdag etter truslar som vart retta mot politiet. Væpninga er no avslutta, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Operasjonsleiar Dan Erik Johannessen understrekar at truslane gjaldt politiet i Bergen konkret, og at det ikkje er fare for ålmenta.

Politiet etterforskar saka, og vil verken kommentere innhaldet i truslane eller korleis dei blei lagt fram, på grunn av omsynet til etterforskinga.