Hopp til innhold

Utanfor livsfare etter kollisjon i Odda

Ein mann i 40-åra er ikkje lenger rekna som kritisk skadd, etter ei møteulykke på riksveg 13 sundag ettermiddag. Det opplyser politibetjent Simen Aase til NRK.

Mannen blei sendt med helikopter til Haukeland sjukehus. Politiet har i dag fått opplyst at skadane er moderate.

Ein annan mann i 40-åra er sikta etter ulykka, men politiet veit så langt ikkje kvifor bilen han køyrde kom over i motgåande køyrefelt.

Det var til saman tre personar i dei to bilane. Dei to andre er innlagde på Odda sjukehus, og skal ikkje vera alvorleg skadde.