Hopp til innhold

Usamde om brannberedskapen

Blir beredskapen betre eller dårlegare etter at Jølster slo seg saman med Sunnfjord kommune? Det er den nye storkommunen og brannfolka i Jølster usamde om. Dette gjer at Jølster risikerer å stå utan formalisert brann- og redningsberedskap frå 1. september. Kommunalsjef Øyvind Bang Olsen meiner beredskapen ikkje er blitt dårlegare. Han har no kalla inn til møte.