Hopp til innhold

Ulukker hindra trafikken på Nordhordlandsbrua og ved Halhjem

To trafikkulukker utan personskade har skapt trafikkutfordringar på E39 Halhjemsvegen (to bilar er involverte) og E39 Nordhordlandsbrua (MC og personbil er involvert) fredag ettermiddag.

Det melder Vest politidistrikt.

Særleg på brua er det ein del kø, og manuell dirigering.

Naudetatane er komne fram begge stader.

Litt før klokka 18 vart Halhjemvegen opna for fri ferdsel igjen. Begge førarane er køyrde til lokal legevakt for sjekk.

18.30 var også Nordhordlandsbrua open for fri ferdsel.