Hopp til innhold

Ulstein: – Regjeringa bruker NTP på å helsa heim

Nestleiar i KrF, Dag Inge Ulstein, meiner Vestland ikkje er prioritert høgt nok i NTP. Han meiner regjeringa heller har valt å bruka pengar på eigne valdistrikt.

Han viser mellom anna til at dei vil setja av 23 milliardar til strekninga Fredrikstad-Råde.

– Ei bittelita stripe gjennom skogen i Østfold, seier han, og viser til at dette vil gi strekninga fire ekstra tog i timen i rushtida.

– Men kva skjer med midlar til å utvikla kollektiv, veg og bybane i og rundt Vestlandets hovudstad? Der verdiane verkeleg blir skapte, seier han. Han viser til at då KrF var i regjering var Hordfast planlagt å vera byggeklar i 2024/2025, men no har regjeringa sett prosjektet på vent.

Dag-Inge Ulstein
Foto: William Jobling / NRK