Hopp til innhold

TV BRA får ekstra tilskot

TV BRA har fått 1 million kroner ekstra i SV og regjeringa sitt budsjettforlik. – Det betyr veldig mykje for den vidare utbygginga og vidareutviklinga av TV BRA. Dette gjer at me kan fortsette utbygginga av kanalen geografisk og i kvalitet slik at utviklingshemma i Noreg får eit reelt talerøyr, skriv den uavhengige TV-stasjonen sjølv på sine Facebooksider.