Hopp til innhold

Tunnel stengt grunna røykutvikling – naudetatane rykte ut

Brannmannskap er på plass i Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Florø og Førde etter at det kom melding om røykutvikling i tunnelen klokka 18.08. Tunnelen blei stengd, og er det framleis.

Den første meldinga gjekk på at det var røyk frå ein bil, melder Statens vegvesen. Men dette ser ikkje ut til å vere tilfelle.

Ein brannbil har køyrd gjennom tunnelen, men finn ikkje teikn til brann nokon plass. Dei har heller ikkje møtt på køyretøy som har problem, melder Vest politidistrikt.

Lars Petter Lorvik i 110 Vest seier til NRK at dei ikkje har fått meldingar om at nokon er skadde.

Tunnelen vil halde stengt medan det blir gjort undersøkingar i den.