Hopp til innhold

Trøbbel med mobilnettet i Solheimsdalen

Mobilnettet er nede i Solheimsdalen i Sunnfjord, viser Telenor sitt dekningskart.

– Basestasjonen fall ut søndag cirka klokka 14.30, skriv dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen til NRK.

Dei forventar å ha retta feilen tysdag føremiddag.

Til avisa Firda fortel ein tipsar at mobilnettet skal ha vore nede sidan laurdag. Tipsaren fortel at dei nyleg har fått beskjed om at mobilnettet vil vere tilbake innan klokka 20:00 tysdag kveld.

– Dei raude områda er område der dekninga kan opplevast som borte, medan dei oransje viser område kor det er redusert kapasitet, seier Amundsen.

Viser områder med redusert kapasitet og redusert telefondekning i Sunnfjord mandag 08.04
Foto: Telenor