Hopp til innhold

Tre valdtektssikta i Stad er sett fri

Dei tre unge mennene frå Nordfjord som er sikta for å ha forgripe seg på ei kvinne i januar i år er sette fri, melder Fjordabladet.

Søndag 28. januar melde ei ung kvinne i Stad kommune til politiet at ho hadde blitt utsett for overgrep. Dei tre mennene har sete åtte veker i varetekt, og politiet meiner det ikkje lenger er så stor fare for bevisøydelegging at det forsvarar forlenga varetektsfengsling.

Dei tre er likevel sikta slik som dei har vore heile tida, det er ikkje noko endring i det, opplyser politiet.