Hopp til innhold

Travel natt for bergenspolitiet

– Det har vore mange hendingar om ordensforstyrring, særleg i Bergen og omland, seier Stein Rune Halleraker i politiet.

I løpet av natta fekk politiet melding om 12 personar som slåst utanfor Duggfrisk, ei valdshending i Vestre Torgaten og på Nøstet og eit slagsmål i Sigurdgate og på Torget.

I tillegg køyrde ein bil ned ei lyktestolpe på Bryggen i Bergen. Det var ein person i bilen som ikkje blei skada.

– Det har vore ei veldig travelt natt, seier Halleraker