Hopp til innhold

Traktor velta under øvingskøyring

Øvingskøyringa med traktoren enda utfor vegen på Sandane i ettermiddag. I traktoren sat far og dotter, og begge skal vere oppegåande etter uhellet, men vart sende til sjukehus for sjekk. Traktoren kom utfor vegen, og velta tre meter ned mot ein husvegg, opplyser brannvesenet.