Hopp til innhold

Traktor hamna i Jølstravatnet

Ein traktor hamna i Jølstravatnet i ettermiddag, melder 110 Vest. Køyretøyet trilla av seg sjølv, og det var ingen personar i traktoren då hendinga skjedde. Det er noko oljesøl i området, og brannvesenet er på staden. Dei har plassert ut lenser. Ifølge Firda skal det vere snakk om 100 liter olje. Traktoren reiv med seg delar av eit garasjebygg, trilla over fv. 5690 og reiv med seg autovern på veg ned i Jølstravatnet der han no har sokke. Politiet har oppretta sak.