Hopp til innhold

Trafikkulykke på Nordhordalandsbrua

Ein bil og MC er involvert i ei trafikkulykke på E39 Nordhordalandsbrua. Køyretøya skal ha kollidert. MC-føraren er bevisst og skal vere uskadd. Det er fare for kø. Vegtrafikksentralen ber folk om å gi plass til naudetatar som er på veg til staden.