Hopp til innhold

Trafikklysa i Bergen fungerer igjen

Trafikklysa fungerer som normalt igjen i Bergen sentrum, etter at det var problem med fleire lys på Danmarksplass, i Møllendalsveien og inn og ut av Bystasjonen. Nokre av lysa blinka gult, medan andre var heilt mørklagde, opplyser Vegtrafikksentralen. – Heldigvis fekk ikkje dette større konsekvensar, utover nokre forseinkingar og irritasjon for bilistar, seier trafikkoperatør Stein Nestås. Kommunikasjonssjefen i BKK seier til BT at det oppstod eit straumbrot klokka 11.08, etter at ein transformator fall ut.