Hopp til innhold

Torsdag morgon: Kriminaltekniske undersøkingar på branntomta

Torsdag startar politiet med kriminaltekniske undersøkingar på branntomta i Møllendalsveien i Bergen. Det var onsdag morgon at den store brannen starta. Eit verneverdig bygg brann ned til grunnen, og fleire bilar vart også utbrende. 300 personar vart evakuerte frå studentbustadar i nabobygget. Ved 20.30-tida onsdag kveld har framleis ikkje alle fått flytta heim.

– Politiet har vakthald på staden utover kvelden, men gjer ikkje etterforskingsskritt i kveld, seier operasjonsleiar Helene Bakke.

Brannvesenets dronebilder fra brannen i Bergen.

Sjå dronebilete: Nazi-bygg i Bergen brann ned til grunnen

300 personar blei evakuerte frå studentbustadar på Møllendal i Bergen onsdag morgon. Politiet ber no om tips i saka.