Hopp til innhold

Togulukka i Arna: Ikkje planlagt avhøyr måndag

Det er ikkje planlagt fleire avhøyr av dei to som var involverte i togulukka måndag. Fredag spora eit godstog av i Arna i Bergen. Lokføraren har status som mistenkt i saka, saman med ein kollega i Onrail som var med på å klargjera toget. Per Magne Kristiansen er advokaten til kollegaen.

– Eg køyrte innom Arna. Der ser det ut som eit bombeområde. Dei materielle skadane er ganske enorme. Det er store krefter og store materielle skadar, men heldigvis ikkje nokon personskadar. Då har ein det ikkje særleg bra når ein ser korleis dette ser ut. Min klient er ein heilt vanleg, samvitsfull familiemann.