Hopp til innhold

Togulukka i Arna: – Høyrde stort smell

Jørgen Kvamme høyrde eit stort smell då godstoget spora av ved Arna stasjon i Bergen fredag kveld.

– Eg høyrde ein lang og høg rumlelyd, opna terrassedøra, såg masse røyk og det lukta krutt, seier han.

– Først trudde eg det lynte ute, då eg såg eit blått lys. I etterkant trur eg det kanskje var elektrisitet.

Han bur ovanfor togstasjonen. Då han gjekk nærare såg han eit tog som hadde spora av.

– Det har krølla seg saman oppover tunnelopninga. Eg fekk ganske sjokk, seier Kvamme.

– Såg du lokomotivet?

– Eg såg ikkje framsida av toget, eg kunne berre sjå godsvogner og konteinarar som var stabla opp. Ingen førarvogn. Eg trur den var inni tunnelen, seier Kvamme.