Hopp til innhold

To motorsyklar i gang- og sykkeltunnel

Tysdag blei to motorsyklar observert køyrande gjennom gang- og sykkeltunnelen i Fyllingsdalen, skriv Sydvesten.

– Dette er svært farleg, seier fungerande stasjonssjef ved Bergen vest politistasjon, Hans Sigurd Morstøl til avisa. Politiet fekk melding om dei to køyretøya klokka 16.19 tysdag. Politiet rykte ut til staden, men sjåførane vart vekke då dei kom fram. Dei kjenner ikkje til at noko liknande har skjedd før.

fyllingsdalstunnelen radon radonnivå ventilasjon
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal