Hopp til innhold

To fekk fengselsdom for ran og truslar

Hordaland tingrett har dømd to menn i 20-åra til høvesvis 20 og 6 månadar i fengsel, den siste med to års prøvetid.

I oktober 2022 lurte dei ein mann til eit hus i Bjørnafjorden der han blei truga med ein pistolliknande gjenstand og tvunge til å vippsa over 5000 kroner.

Mannen måtte vera i huset i over fire timar, då politiet kom til staden.

I juli 2023 stal den eine av dei to ein mobiltelefon frå ein mann på Sartor senter i Øygarden og overførte 13.000 kroner til seg sjølv.

I to veker utgav han seg for å vera telefoneigaren på sosiale medier, før han ringte eigaren og truga med knivstikking.