Hopp til innhold

To bilar i trafikkulukke i Sunnfjord

Trafikken går sakte på E39 Vadheimsvegen ved Skilbreivatnet i Sunnfjord etter at to bilar var involvert i ei trafikkulukke. Det skal vere fire-fem personar i bilane. Naudetatane er på veg. Det er ikkje så langt meldt om alvorleg personskade, men nokon skal ha nakkesmerter, opplyser Vest politidistrikt.

– Det er snakk om påkøyrsel bakfrå, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.