Hopp til innhold

Tiltalt for machete-angrep på politibetjent

Ein mann i 50-åra frå Haugesund er tiltalt for drapsforsøk på ein politibetjent. Hendinga skjedde i Sveio i påsken i fjor.
Ifølgje tiltalen skal mannen ha sprunge mot politibetjenten med ein machete samstundes som han skreik at han skulle drepa han. Deretter stakk eller skar han macheten inn i magen på politibetjenten. Fornærma hadde heldigvis på seg verneutstyr, og kom ikkje fysisk til skade. Tiltalte vart skoten med elektrosjokkpistol, og overmanna på staden. I tillegg til angrepet mot politiet, er mannen også tiltalt for dyrking av cannabis, og oppbevaring av fleire hundre patroner av ulike kaliber. Saka går i Haugaland og Sunnhordland tingrett i juni.