Hopp til innhold

Tilrår oppfriskingsdose for alle over 75 år

Tilråding om oppfriskingsdose med koronavaksine trer i kraft frå i dag, 1. juli, skriv FHI. I første omgang vil eldre på sjukeheim og eldre med heimesjukepleie bli prioritert.

Sjølv om tilrådinga trer i kraft frå i dag, skriv FHI vidare at ein ikkje kan vente seg at kommunane har tilbod til alle i gruppa 75 år og eldre med ein gong.

Bergen kommune vil allereie fredag halde den kommunale vaksinestasjonen open for drop-in. Kommunen oppfordrar også dei som ikkje har teke vaksine i det heile om å ta kontakt.