Hopp til innhold

Til sjukehus etter traktorulukke

Ein mann i 40-årar er send med luftambulanse til Sentralsjukehuset i Førde etter eit traktoruhell i Bygstad. Uhellet skjedde i samband med trefelling og mannen skal ha kome i klem under ein vinsj. Politiet kan førebels ikkje seie meir om skadeomfang ut over at mannen var medviten og snakka med helsepersonellet.