Hopp til innhold

Teikn til forsoning i Sogndal

– Vi set strek over det som har vore dei siste månadane og ser framover til det beste for Sogndal, seier varaordførar i kommunen, Gunnhild Bøyum, til NRK.

– Det er både ordførar, kommunedirektør og eg samde om.

Ho legg til:

– Men det er litt dumt at Sogn Avis har eit «glad-bilete» av «gutane», mens eg ser sur ut. Eg er like glad som ordførar og kommunedirektør!

I februar kom samarbeidsproblema i Sogndal til overflata då Sogn Avis skreiv at ordførar Stig Ove Ølmheim var gjenstand for «rus-rykte». Avisa fann ingen haldepunkt for «dei absurde rykta», og det etterlatne inntrykket var at rykta var sett fram av nokon som ville ordføraren vondt.

Gjentatte oppslag i BT og Sogn Avis lét etter seg eit inntrykk av at «palassintrigane» stakk djupt.

21. april fortalde varaordførar Gunnhild Olstad Bøyum om vakenetter og at ho «ikkje tør å vere aleine med ordføraren». Ho antyda vidare at dei påståtte rusrykta var konstruerte «for å få støtte og sympati».