Hopp til innhold

Tankbil involvert i ulukke i tunnel på E16

Ein tankbil og ein personbil har vore involvert i ei møteulukke i Trengereidtunnelen på E16 mellom Bergen og Vaksdal. Ulukka har skjedd nokre hundre meter inn i tunnelen, melder politiet.

To personar er involverte. Dei er vakne og medvitne, og ifølge politiet verkar dei uskadd. Føraren av personbilen er ein mann i 70-åra.

Tankbilen er lasta med diesel, men det er ikkje meld om lekkasje. Naudetatane er framme på staden.

– Foreløpige indikasjonar tyder på at føraren av personbilen har kome over i feil køyrefelt og treft hengaren på traileren, seier operasjonsleiar i politiet, Knut Dahl-Michelsen.

Tunnelen vart stengd, men opna klokka 14.30.

Kø ved Trengereidtunnelen
Foto: Webkamera / Statens vegvesen