Hopp til innhold

Større vasslekkasje i Sogndal

Søndag morgon blei det oppdaga ein større vasslekkasje i Sogndal. Vassforsyninga er no stengd til mesteparten av Sogndal, skriv Sogn Avis.

I ein SMS til innbyggarane skriv kommunen at det framleis er tilgjengeleg vatn, så lenge ein reduserer forbruket.