Hopp til innhold

Stenger veg i Jølster for å berge køyretøy

Fv. 5690 Nikolai Astrups veg i Sunnfjord blir stengt ein periode for å berge traktoren som trilla ut i Jølstravatnet tidlegare i kveld. Det er omkøyring via E39, melder Vegtrafikksentralen.

Det rann olje frå traktoren ut i vatnet. 110 Vest fortel at brannmannskap har lagt ut lenser for å samle det opp. – Men det er eit ganske tynt lag olje, så berre litt temperatur og vind; så er det vekke, seier Håkon Myking i 110 Vest.