Hopp til innhold

Sogning dømt for vald mot sambuar

Ein mann i Sogn er dømt til fengsel i eit år og to månadar for vald mot sambuaren sin. Mannen skal ha tatt kvelertak og slått henne fleire gongar i andletet.

Mannen fekk også kontaktforbod overfor kvinna i to år og må betale erstatning på 100 000 kroner. Han får heller ikkje opphalde seg i kommunen på to år.