Hopp til innhold

Snøras stenger fylkesveg

Fylkesveg 50 Hol-Aurland ved Østerbø Fjellstove er stengt på grunn av snøras. Raset skal vere om lag to meter høgt, og ganske breitt. Augevitner såg raset på lang avstand, og meiner det ikkje var bilar i rasområdet. Østerbø fjellstove ligg 820 meter over havet. Entreprenør er på veg, men det er uvisst når vegen kan opne att. Andre trafikantar i området må halde avstand på grunn av fare for nye ras, melder Vegvesenet.