Hopp til innhold

Slit med å få nok kirurgar på Kvinneklinikken i Bergen

Fire av 17 gynekologiske kirurgar for kreft har slutta på Haukeland universitetssjukehus i Bergen, og Kvinneklinikken slit med å finne nye, skriv BA.

Det er generell mangel på gynekologar i Noreg. Grunna høgt arbeidspress og mykje overtid, går mange frå Haukeland til private verksemder, opplyser Kvinneklinikken og Norsk overlegeforeining til avisa.

Sjukehuset jobbar med å sikre at kvar kvinne får rett behandling og oppfølging. Norsk sjukepleiarforbund fryktar at kvinner med mindre akutte plagar må vente lenger på hjelp.