Hopp til innhold

Slagsmål i Bergen

Politiet rykka i natt ut til eit slagsmål i Bergen mellom sju personar.

Hendinga skjedde ved busstoppen ved NHH. For vitne såg det ut som at fem menn slo to andre menn. Dei fem gjerningspersonane sprang frå staden før politiet kom. Politiet er i kontakt med dei to som vart slått og sparka i ansikt og kropp, skriv politiet på X.