Hopp til innhold

Skal behandle varsel på kommunedirektør

Arbeidsgjevarutvalet i Sogndal kommune skal onsdag behandle eit varsel på kommunedirektøren frå ein ekstern aktør.

Ordførar Stig Ove Ølmheim stadfester at det har komme eit nytt varsel.

– Det er motteke eit nytt varsel og dette skal behandlast i arbeidsgjevarutvalet i morgon, seier han.

Dette er det andre varselet på kommunaldirektøren kommunen behandlar. Dei to varsla skal ikkje vere i samanheng, ifølge ordføraren. Kommunedirektør Tor Einar Skinlo vil ikkje kommentere saka.