Hopp til innhold

SK Brann: Finne får to kampars karantene

Bård Finne får karantene dei to neste seriekampane, melder BA.

Avgjerda kom etter eit møte i disiplinærutvalet i Noregs Fotballforbund i ettermiddag.

Karantena kjem etter hendinga i bortekampen mot KFUM, der ein høg fot frå Finne gav KFUM-keeper Emil Ødegaard ei flenge i hovudet.

Karantena gjeld berre dei to neste seriekampane, mot Rosenborg og Lillestrøm, og ikkje for cupkampar.

Football, Eliteserien, KFUM - Brann
Foto: BILDBYRÅN