Hopp til innhold

Sint og rusa gjest laga bråk i Bergen sentrum

Ein mann er sett i drukkenskapsarrest i Bergen etter å ha trossa politiet sitt pålegg om å halde seg borte frå eit hotell. Hotellgjesten var sint og rusa og laga bråk på eit hotell i Bergen sentrum. Mellom anna skal mannen ha skjelt ut fleire gjestar. Hotellet kontakta politiet, som gav mannen eit pålegg om å halde seg borte frå hotellet det neste døgnet. Kort tid seinare returnerte han til staden.