Hopp til innhold

Set opp båtrute i Vik

Det blir sett opp båtrute mellom Vangsnes og Feios grunna steinraset på fylkesveg 5602. Ruta går torsdag kveld klokka 2030 frå Vangsnes, med retur frå Feios klokka 21. Fredag morgon går den klokka 07 frå Vangsnes, med retur klokka 0730 frå Feios.