Hopp til innhold

Seks smitta ved Helse Førde

Seks tilsette fordelt på fire ulike avdelingar har testa positivt for covid-19 ved Helse Førde. Det første tilfellet blei stadfesta måndag. Det fortel kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal til NRK.

Dei tilsette blir sette i karantene. Dei skal sjølv ha testa seg etter symptom.

Smittesporing og testing av pasientar og tilsette er i gang. Det er per no ikkje stadfesta smitte gjennom pasientkontakt. Smitta vil ikkje ramme drifta.

Førde sentralsjukehus i gråvêr
Foto: Oddgeir Sæle