Hopp til innhold

Seam og Bergen Engines bidreg til hydrogen-ferjer

Selskapet Seam på Stord og Bergen Engines skal vere med på å bygge hydrogenferjene som skal gå over Vestfjorden, melder Teknisk Ukeblad.

Ferjene skal gå over Noregs lengste ferjestrekning mellom Bodø og Lofoten frå 2026. Seam og Bergen Engines blir leverandørar til Myklebust Verft i Møre og Romsdal, som i dag skreiv under kontrakten for bygginga.