Hopp til innhold

Sauebonde må sone 60 dagar i fengsel

Ein bonde er dømd til 60 dagar i fengsel. Årsaka er at han ikkje har passa godt nok på sauene sine, og sett til at dei har fått godt nok stell. Bonden får heller ikkje lov til å halde meir enn 60 dyr i tida framover.

Det var i fjor vår at Mattilsynet og politiet rykte ut til ein gard i Sogn etter at det kom bekymringsmelding om ein sjuk og skadd sau, som burde blitt avliva. Dyret var avmagra og mangla tenner i underkjeven. Lamma til dyret blei ikkje sett til og døydde.

Bonden blei også tiltalt for å ikkje merke dyra sine med øyremerke, noko mannen vedgjekk. Elles nekta han straffskuld.

Sogningen var også tiltalt for å ikkje ha bedøvd sauene sine skikkeleg før avliving. Ifølge tiltalen brukte bonden øks for å bedøve dyra, noko som førte til dei kunne vere bevisste under sjølve avlivinga. Men dette tiltalepunktet gjekk mannen fri for, sidan retten meinte ikkje det var godt nok bevist at bonden bedøvde dyra på denne måten.